logo hus

Me har innført omgrepet "JGS kvalitet" i bedrifta vår, og her vil me prøve å forklare kva me meine me det.

For å få til eit vellukka prosjekt er det viktig at me får til eit lagspel med alle dei involverte partane frå første stund. Det å arbeide saman med arkitektar og oppdragsgivarar som har eit ønske om å få til noko spesielt, gir stor inspirasjon i arbeidet.

Underteikna legg stor vekt på at alle tilsette til kvar tid er medvitne om at det er eit handverksfag me utøver. Ein dyktig handverkar skal vere stolt over yrket sitt.

JGS-kvalitet også i framtida

Strategien framover er vedteken. JGS skal framleis vere ei handverksbedrift med høge krav til kvalitet. Bedrifta skal vere ein trygg og god arbeidsplass og bemanninga skal vere omtrent som i dag.

Ei kunnskapsbedrift

Høg handverkskvalitet er i første rekkje tufta på gode tradisjonar og kunnskapar. Dette er kunnskap ein skal finne hos alle medarbeidarane. JGS er opptekne av å følgje med på kva som rører seg i marknaden. Nytt verktøy forenklar kvardagen, og det er viktig å fange opp tekniske og handverksmessige nyvinningar.

Vegen vidare

Eit bygg skal ha eit langt liv. Kunden skal vere trygg på at vara me leverer har ein god kvalitet. Me er opptekne av at kundane våre får det produktet dei er best tente med. Ikkje berre i år, men også om 30 år.

 

Også i framtida skal varemerket vårt vere JGS-kvalitet...

rasmus signatur



Rasmus Pollestad

Se gjerne vår brosjyre!

 brosjyre